Vaksinius.no
VAKSINIUS®
Sønnen være tro og ære
🏳️ Flagg 🤍 Sang

Mannevis

Her er en samling med ord om mannen, av typen ordtak.
Tilfeldig dikt Innhold Informasjon
Kontakt informasjon

Kjæremål 1
eg skjønar ikkje bæret

sa mannen

han tenkte koffert

Kjæremål 2
eg har tak på deg

sa mannen

og øydela veggane

Kjæremål 3
no er det
for lett

sa mannen

og gjekk attende

Kjæremål 4
du gjer meg glad

sa mannen

og tok til tårene

Kjæremål 5
eg er dum som eit brød

sa mannen

til pålegget

Kjæremål 6
eg går litt rart

sa mannen

han hadde fått ein stein i skoa

Kjæremål 7
det er fint å kunne
gjenkjenne seg sjølv

sa mannen

og knuste spegelen

Kjæremål 8
her er det kø

sa mannen

han ville sitte i baksetet

Kjæremål 9
ingen får tak
på meg

sa mannen

han mala himlingen kvit

Kjæremål 10
det går for vidt

sa mannen

han opna kjeften

Kjæremål 11
ei ku
er utan vett

sa mannen

og mjølka kua

Kjæremål 12
ein utvekst
er ikkje eit avkom

sa mannen

og ville vere vaksen

Kjæremål 13
den som teller
vil vel også rekne

sa mannen

og vart kalkulert

Kjæremål 14
eg er for sein

sa mannen

og ville freista igjen

Kjæremål 15
det er lite
som skal til

sa mannen

og tenkte sitt

Kjæremål 16
eg trur
du er galen

sa mannen

og likte kjerringa

Kjæremål 17
det er skjønt

sa mannen

og fatta ingen ting

Kjæremål 18
eg er ei fontene

sa mannen

og lo

Kjæremål 19
handarbeid

sa mannen

han skreiv til Kongen

Kjæremål 20
det er ein merkestein

sa mannen

og gjorde sin visjon
stein daud

Kjæremål 21
det er fint

sa mannen

han ville vere lukkeleg

Kjæremål 22
eg er ikkje ein type

sa mannen

og vart modell

Kjæremål 23
eg sit i ro

sa mannen

og reiste seg

Kjæremål 24
alt må prøvast

sa mannen

og kasta vatn
på bålet

Kjæremål 25
dei beste dikta
er ikkje
av eit slag

sa mannen

og laga skilje-ark

Kjæremål 26
no går det
på trynet

sa mannen

han så seg attende

Kjæremål 27
no fer eg heim

sa mannen

og for til bilen

Kjæremål 28
du er for glatt

sa mannen

og trampa på isen

Kjæremål 29
eg trur

sa mannen

og håpa på det

Kjæremål 30
det er
eit overtramp

sa mannen

og mala dørstokken

Kjæremål 31
takk for meg

sa mannen

og ville omfamne verten

Kjæremål 32
eg ser ikkje ut

sa mannen

og pussa brillene

Kjæremål 33
eg vil ha
trekkspel

sa mannen

han telte på knappane

Kjæremål 34
slikt er lagom

sa mannen

han ville ha rotfylling

Kjæremål 35
eg røyker

sa mannen

og ba om
fenghetter

Kjæremål 36
eg vil ha det
svart på kvitt

sa mannen

og gav hjartet sitt til vinteren

Kjæremål 37
blikket mitt symjar

sa mannen

han fekk havet å sjå

Kjæremål 38
det er ikkje ille

sa mannen

og peika på mørkret

Kjæremål 39
eg er trugen

sa mannen

han brøyt lova

Kjæremål 40
eg treng kaffi

sa mannen

og heiv teen

Kontakt informasjon
ADRESSE

Anders Woje Ellingsen
Rådyrveien 25 B
7082 Kattem
Norway


TELEFON

+47 905 59 772


E-POST

poet.on.view@gmail.com


WEB SIDE

www.trixnix.com

Informasjon
Mitt navn er Anders Woje Ellingsen. Jeg ble født i 1963 i Trondheim, og jeg er bosatt i Trondheim. Jeg er opprinnelig militært utdannet men er i dag uføretrygdet og erklært sinnssyk. Jeg har skrevet dikt i mange år men har ikke fått utgitt noe. Siden 2014, omtrent, har jeg publisert det jeg har skrevet på internett, på egne nettsider, men nå har jeg tatt det meste ned. Mitt verk på internett er å finne på Trixnix.com.

Alle dikt er av og ved Anders Woje Ellingsen ved det registrerte varemerket Vaksinius. Enkeltpersonforetaket Verk A.W. Ellingsen har organisasjonsnummer 827 868 752.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for din kommentar.
Her er noen emojis du kan bruke (kopi og lim):

🙂 😊 😌 😃 😄 😛 😶 😐 🙁 😟 😕 🤡 🍓 🍒
😮 😯 😪 😉 😢 😥 😦 😓 😏 😒 👱 👱‍♀️ 🧒 👧
❤️ 💛 🧡 💚 💙 💜 🤎 🖤 🤍 💔 🔔 🌞 🌙 ⭐️
👍 👎 🌼 🌻 🌹 🌷 🌸 🌺 💐 🏳️ 🏳️‍🌈 👒 🎩 ✨ ⛄